Jeg aksepterer at Artist Stallen lagrer mitt navn, epost, telefon og evt. adresse. Dette kan Artist Stallen bruke til å informere meg om nyheter og aktiviteter.
Artist Stallen kan ikke gi mine persondata videre. Alle data overføres på sikker linje kryptert til/fra server.
Personvern og informasjonskapslar
Rettleiing
Når du kontaktar oss for rettleiing, behandlar vi opplysningane for å kunne svare på dine spørsmål. Opplysningane vi lagrar er nødvendig for å kunne svare på din førespurnad. Dersom du kontaktar oss per e-post, vil vi lagre din førespurnad, svaret vårt og e-postadressa di. E-postar blir behandla i samsvar med det som står i avsnittet «E-post» under.
E-post
E-postar i saker blir registrert og behandla i samsvar med det som står under avsnittet «Saksbehandling og arkiv». I arkivsystemet vårt er det lagt inn ein sperringsfunksjon for teiepliktig informasjon som vi mottek mellom anna i e-post. Denne pålegg saksbehandlarar og arkivtilsette å skjerme desse opplysningane. E-posten blir da sperra for utsending.
Andre e-postar vi får og svarer på, blir bevarte i e-postsystemet vårt, utan tilgang frå andre. Den enkelte tilsette er ansvarleg for å jamleg slette meldingar som ikkje lenger er aktuelle. Når nokon sluttar i stillinga si hosArtist Stallen blir e-postkontoen deira sletta, men enkelte e-postar som det er nødvendig å ta vare på vil normalt bli overført til kollegaer.
Vanleg e-post er ukrypterte, og det er difor viktig at dokument som inneheld teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar, blir sende tilArtist Stallen på annan måte enn gjennom e-post.
Telefon
Telefonkontakt blir ikkje registrert hos oss med mindre det gjeld ei konkret klagesak. Kontakt i konkrete klagesaker som kjem på telefon, blir registrert som eit notat som blir lagt på klagesaka. Vi nyttar Telenor si sentralbordløysing, og her gjeld Telenor sine vilkår for bedriftskundar.
Telefonsamtalar (telefonnummer frå og til, samt tidspunkt for samtala) loggas i Telenor sin telefonsentral. Her gjelder Telenor sine retningslinjer for personvern. Denne loggen er nødvendig for administrasjon og drift av systemet, samt at den nyttast som grunnlag for statistikk på aggregert nivå. I tillegg har tilsette ei oversikt over dei siste oppringingane på sine telefonar.
Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta ein rettkommen interesse som veier tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Den rettkomne interesse er å administrere telefonisystema.
Behandling av personopplysningar på artiststallen.no
Webredaktøren har det daglege ansvaret forArtist Stallen si behandling av personopplysningar på fartiststallen.no, med mindre anna er oppgitt under. Det er frivillig for dei som besøker nettstaden å gi frå seg personopplysningar i samband med tenester, for eksempel å melde seg på vårt nyheitsbrev. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.
Informasjonskapslar og nettstatistikk
Artist Stallen samlar inn informasjon om bruken av nettsidene våre for å betre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Til hjelp under dette arbeidet bruker vi analyseverktøyet Google Analytics. Dette programmet bruker cookies, dvs. små informasjonskapslar eller tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren si datamaskin, og som gir informasjon om brukaren si IP-adresse, dvs. maskina sine rørsler på nett.
Behandlingsgrunnlag for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta en rettkommen interesse som veier tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettkomne interesse er å få tenester på nettsida til å fungere.
For å hindre sporing av nettbruken til enkeltpersonar harArtist Stallen på artiststallen.no valt å leggje inn eit script som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa til brukaren før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Informasjonen frå Google Analytics lagrast på Googles servere i USA, og er underlagt Googles retningslinjer for personvern.
Informasjonskapselfunksjonen kan slåast av og på i dei fleste nettlesarane på maskina til brukaren gjennom eit menyval som «innstillingar», «sikkerheit» e.l. Sjølv om funksjonen blir slått av, vil brukaren kunne bruke nettsidene våre, men enkelte funksjonar vil ikkje fungere optimalt.
Det er ikkje krav om noko form for innlogging med personopplysningar for å kunne bruke nettsidene våre.
Nyheitsbrev
Artist Stallen sender ut nyheitsbrev cirka 7-10 gonger per månad via e-post. For at vi skal kunne sende e-post må du registrere ei e-postadresse.
E-postadressa lagrast i ein egen database, delast ikkje med andre og slettast når du seier opp abonnementet. E-postadressa slettast også om vi får tilbakemelding om at den ikkje er aktiv. Du kan melde deg av ved å trykke på lenka i nyheitsbrevet eller ved å kontakte oss. Forbrukartilsynet bruker ein databehandlar, Mailer Lite, til å administrere og sende ut nyheitsbrevet, og det er Mailer LIte som drifter databasen der e-postadressene blir lagra.
Behandlingsgrunnlag for behandling av e-postadressa di i knytt til nyheitsbrevet vårt er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 a), altså samtykke.
Tilsette
Artist Stallen samlar inn og behandlar personopplysningar om tilsette, mellom anna for å administrera lønn og arbeidsforhold. Det registrerast nødvendige opplysningar for utbetaling av lønn, som namn, adresse, kontonummer, skatteprosent, skattekommune og fagforeiningstilhøyrsle.
Behandlingsgrunnlag for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b), behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale den registrerte er part i.
Artist Stallen brukar FIKEN til lønn og annan personaladministrasjon og har inngått databehandlaravtale med DFØ som utfører lønnsutbetaling.
Alle tidlegare og noverande tilsette har ei personalmappe i arkivsystemet vårt.
Her blir mellom anna stillingssøknadane oppbevart. Personalmapper skal bevarast (det vil seie at stillingssøknadar ikkje blir sletta eller makulert). Personalmapper blir rydda når arbeidsforholdet er avslutta. Personalmapper skal utleverast til Arkivverket.
Ansvar for behandling av personopplysningar og innsyn
Artist Stallen , ved styrets leder, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Sjølv om mange av oppgåvene knytte til ei slik behandling blir delegerte under den daglege drifta, vil ikkje dette gjelde ansvaret for behandling av personopplysningar.
Artist Stallen si behandling av personopplysningar fell inn under personopplysningslova, som gir alle rett på grunnleggjande informasjon om innsamling og behandling av personopplysningar i ei verksemd.
Kontakt
E-post: post@artiststallen.no
Telefon: 41331050
Postadresse: Lindåsvegen 1580, 5956 Hundvin